Kjerringrokk – litt lokalhistorie også

(Av Svein-H. Strand) Noen som husker musikkgruppa Kjerringrokk som ble dannet av seks kvinnelige lærerstudenter i Bergen i 1974? Det er det i hvert fall noen av oss i Son som gjør. Og i Hølen, der et av medlemmene i starten, Camilla Nortvedt, vokste opp.

Et dårlig bilde av omslaget til LP-en som kom ut høsten 1975. Men det var det vi hadde.

(Fra LM 04.03.10) (Republisert 25.06.23) I en hytte i Kjøvangen var alle samlet noen dager i juli 1975 for å gjennomføre de siste forberedelsene til opptak for en LP-plate.

Det var bare en uke eller to til avtalt opptakstid hos Rosenborg Studios. Men de hadde ikke tilgang til et piano. Hva gjør man så?

Jo – man spør bekjente i Son om de vet om noen som har.

Og sånn gikk det til at de ringte på døra i huset til Gerd og Odd Birkeland, Der åpnet de både døra og lokket til tangentene på sitt piano – som viste seg å være et velklingende flygelpiano.

De fikk den tiden de trengte, og det ble en minneverdig improvisert sommeropplevelse for både musikere og vertskap!

Men jeg kan vanskelig avslutte uten å legge inn noen utdrag fra no.wikipedia som forteller om det korte livet det ble for både denne og andre rene kvinnegrupper her i Norge.

Her kommer det – på nynorsk, som i no.wikipedia:

Første norske kvinnepolitiske LP

(Redigert utdrag.) (Republisert i LM 05.09.22) Kjerringrokk var ei feministisk musikkgruppe som var aktiv midt i 1970-åra. Gruppa var den første i Noreg til å gi ut ei kvinnepolitisk LP-plate på eit kommersielt plateselskap.

Gruppa vart skipa i 1974 av seks lærarstudentar i Bergen: Torunn Bakken, Maud Birkrem, Ingrid-Karin Gilje, Bente Gudbrandsen, Camilla Nortvedt og Sophie «Phie» Slaatta.

Alle i gruppa song og spela fleire ulike instrument. Motivasjonen for å starte gruppa var å kombinere eiga musikalsk utvikling med formidling av kvinnesak, og gruppa heldt den første konserten sin på kvinnedagen 8. mars same året.

Sommaren 1974 flytta Camilla Nortvedt, og frå hausten kom Ragnhild Elisabeth Lund med i staden for henne.

I byrjinga av 1970-åra voks det fram mange ulike, feministiske grupper. Kjerringrokk var ein del av denne framveksten, men var ikkje knytt til ei spesifikk kvinnepolitisk retning.

Dei framførte ei blanding av sjølvskrivne songar, folkemusikk, omsette viser og tonesette dikt av mellom anna Edvard Hoem og Arnljot Eggen. Tekstane tok opp saker som porno, abort, vald og andre kvinnepolitiske saker.

Platekontrakt etter TV-program i kvinneåret

10. mars i kvinneåret 1975 var Kjerringrokk, saman med den feministiske visegruppa Amtmandens Døtre og visesongaren Kristin Berglund, med i TV-programmet Syng ut, jenter på NRK. Etterpå fekk gruppa tilbod om platekontrakt med Polydor.

Dei fekk med seg Terje Rypdal som produsent. På seinhausten 1975 kom så plata ut på LP og kassett, ei utgiving som speglar den musikalske breidda til gruppa.

I tida etter plateutgivinga flytta fleire av medlemene, sidan dei var ferdige med utdanninga si. Det vart vanskeleg å halde fram med å spele saman, og Kjerringrokk vart i praksis oppløyst. Dei kom likevel saman for å spele nokre konsertar i 1976, i tillegg til at dei var med på ein stor visekonsert i Oslo konserthus i 1980.

Views: 160