Kronikk: AVIS-SJAKKENS BØNDER

(Illustrasjon: LM Arkivfoto)

Av Johann Roppen, stipendiat, Universitetet i Bergen/Høgskulen i Volda

Kronikk i “Nærpressa”, utgjeven av LLA, sommaren 2000

I sjakk er det slik at bønder er dei fleste og minste brikkene på brettet. Sidan dei er så mange og ikkje så veldig sterke vert dei ofte ofra når spelarane trur det kan styrke sjansane til å vinne spelet. Dette vert kalla ein gambit. På den andre sida kan bøndene også avgjere spelet om dei til dømes vert flytta over på andre sida av brettet og dermed på Pokémon-vis blir forvandla til andre og sterkare brikker.

Det er mange likskapar mellom bøndene si rolle i sjakkspelet og fådagsavisenes rolle i avis-sjakk spelet aviskonserna i mellom. Små lokalaviser har vorte etablert og lagt ned av omsyn til andre aviser og konsernas overordna målsettingar. Men på den andre sida har lokalaviser også nøkkelposisjonar som har gjort dei til viktige brikkar i det lange sjakkspelet om marknadsmakt i Avis-Noreg.

Det er mange som vil spele. Dei rikaste spelarane er A-pressen og Orkla, som har nasjonale ambisjonar. Adresseavisen og Harstad Tidende er regionale konsern, medan Vårt Land eig nokre få aviser på Sunnmøre.

I avis-sjakk kan ein både kjøpe og selje brikker og sette nye brikker inn i spelet. Og det skjer. Med eit par unntak er alle dei større brikkene – dei store avisene – alt kjøpte av konserna. Men framleis er dei fleste bøndene ikkje kjøpte – eller kanskje til sals. Og å etablere nye aviser er fritt fram for den som har råd.

Her skal eg peike på tre roller lokalaviser kan ha for konserna og for å halde fast på analogien til sjakk har eg kalla dei for gambit, sjakk og Pokémon-varianten.

Gambit: Når lokalaviser vert ofra

Ein gambit er eit offer. Ein brikke vert ofra for at spelaren totalt sett skal oppnå ein betre posisjon i spelet. I avis-sjakk er det mange døme på at lokalaviser har vorte ofra. Ski Avis vart etablert av A-pressen og konkurrerte med Østlandets Blad i 1994 og 1995. Av omsyn til annonsesamkøyringane med Orkla valde A-pressen å legge ned Ski Avis. Østlandets Blad overtok ansvaret for dei tilsette.

I Kragerø og Drangedal fanst det ved årsskiftet 1997/1998 tre fådagsaviser. Orkla hadde kjøpt alle tre sommaren 1997 og frå januar 1998 kom to av dei ut som dagsavis. Den tredje, Drangedal Blad kom ut som før – men då den nye dagsavisa gjekk dårleg valde Orkla å legge ned Drangedal Blad for å prøve å styrke posisjonen til Kragerø Blad Vestmar som den nye dagsavisa heitte. Mange i Drangedal vart rasande over denne gambiten og skipa i staden si eiga nye avis; Drangedals Posten. Kor lenge dette partiet vil vare vil tida vise.

Sjakk: Når lokalaviser vert trugande

Bønder som møter andre bønder vert ståande og stange mot kvarandre. Dei kan berre gå beint framover og kan ikkje slå ut andre brikkar utan at dei kan få gå på skrå framover. Men då er dei like farlege som alle andre brikker og kan truge langt sterkare brikker – dei kan også truge sjølve kongen og dermed verte avgjerande i heile spelet.

I Harstad har Bladet Harstad ein posisjon som kan minne om dette. Bladet Harstad kjem ut tre gonger i veka – og har tilsynelatande ein håplaus konkurranse med den tilsynelatande allmektige dagsavisa Harstad Tidende. Men Bladet Harstad er eigd av A-pressen og gjer at A-pressen si samkøyring MediaNor har dekning i alle byar og distrikt i Nord-Noreg. Det er dermed lønsamt for A-pressen å tilføre Bladet Harstad ressursar for å halde Harstad Tidende i evig sjakk på si eiga heimebane. I vanleg sjakk vil evig sjakk føre til at spelet endar med uavgjort. Uavgjort er ukjent i avis-sjakk.

Harstad Tidende har elles gjort tilsvarande grep ved etableringa av Lokalavisa NordSalten og Saltenposten – då retta mot A-pressens Nordlands Framtid. A-pressen har også gjennom etableringa av Lokalavisa Øyene på Nøtterø prøvd ein tilsvarande strategi andsynes Orklaavisa Tønsbergs Blad.

A-pressen kjøpte for nokre år sidan avisa Kvinnheringen – og ynskte seinare å kjøpe avisa Grenda som kjem ut i same kommunen. Grenda skulle så leggjast ned for å styrke Kvinnheringen. No vart det i staden avisene Sunnhordland og Haugesunds Avis som kjøpte Grenda – og sytte for at ho framleis kjem ut.

I somme høve har ein gambit hatt uventa utslag for spelarane. Då Moss Avis la ned Vestby Avis, etablerte redaktøren i Vestby Avis kort etter ei konkurrerande lokalavis, Vestby-Kuréren, som i nokre år gav Moss Avis uventa konkurranse. (I nokre månader! Min merknad, som utgjevar og redaktør. SHS)

Ein delvis tilsvarande situasjon opplevde Drammens Tidende og Buskeruds Blad då redaktøren i Røyken og Hurums Avis kjende seg pressa ut av stillinga si – og i staden etablerte konkurrenten Røyken & Rundt. Røyken & Rundt kom ut eit par år, og påførte på den tida Drammens Tidende og Buskeruds Blad store tap og bekymringar for at dei skulle tape striden i det som då lag an til å bli den nye hovudflyplass-kommunen.

Pokémon varianten: Lokalaviser som dronning-fabrikkar

Når ein bonde har vandra frå andre til åttande og siste rada på den andre sida av brettet, så får spelaren byte ut bonden med ein annan og meir verdfull brikke. I praksis vert bonden bytta med den mest verdfulle brikken; dronninga. Dronninga kan så kastast inn i spelet og er ikkje som bonden bunden til å gå berre beint framover.

I sjakk kan ikkje brikkane frå eit spel bli brukte i spel på andre brett, men det går fint i avis-sjakk. Dels fungerer lokalavisene som dronning-fabrikkar ved at leiarar i småaviser vert rekrutterte til leiarjobbar i større aviser. Dels vert mindre aviser nytta som “førskule” for journalistar i større aviser som kan tenkje seg redaktørjobbar og difor blir prøvde ut i mindre aviser &endash; først.

Det er fleire døme på slike ting. Richard Nergaard er eit av dei. Han var redaktør i Åndalsnes Avis, som er eigd av Romsdals Budstikke, som vart kjøpt av Orkla i 1991. Redaktør Odd Reidar Solem i Romsdals Budstikke sa opp og Nergaard vart først konstituert og seinare fast tilsett som ny redaktør. Ein som gjekk motsett veg var Thor Nagell som gjekk frå ei journaliststilling i Romsdals Budstikke til redaktørstillinga i dotterselskapet Driva.

Nordstrands Blad vart i 1998 overteken av Orkla, og den nye redaktøren Ivar Brynildsen kom frå ei anna Orklaavis, Østlandets Blad. Torunn Aarkvisla var i fleire år disponent i Røyken og Hurums Avis – seinare vart ho disponent i TV Buskerud. Begge selskapa er med i Orkla-konsernet.

Svart eller kvit?

I vanleg sjakk spelar ein anten dei kvite eller dei svarte brikkene. Poenget er her berre at kvit startar spelet, og difor kan styre spelet i starten. Kva fargar spelar så Orkla og A-pressen og dei andre med? Tidlegare var gjerne brikkene blå eller raude, men over tid ser det ut til at fargane har vorte slitne av mange års bruk, og i dag framstår dei i ulike nyansar av grått. Det kan difor vere vanskeleg å avgjere om dei høyrer med på det eine eller andre laget.

Men over tid har også fleire og fleire spel vorte avslutta med ein vinnar og ein tapar, og då spelar det kanskje inga rolle om det er uråd å avgjere om brikkane som står att er svarte elle kvite?

Visits: 239