Fem snutter fra LM-nissens julebesøk i Son

(Republisert 29.12.23) Av ulike grunner gjør vi i dag en historisk vri når det gjelder dekningen av LM-nissens besøk i Son jula 2022. Men såpass kan røpes: Nissefar måtte i all hast reise hjem til Sunnmørsalpene etter at den første snutten var publisert. (Se snutten hans et stykke nede i høyrespalta.)

I denne situasjonen måtte noe drastisk gjøres. Og i redaksjonsmøtet rett etter nyttårskonserten på NRK TV, så ble det bestemt:

VI HENTER FRAM Nissefars snutter fra 2014 som ble lagret i vårt ekstramagasin Herison.no! Men dette nettstedet gikk ned sammen med Lokalmagasinet.no da serveren til vår daværende leverandør krasjet.

Dermed var det bare å google fram Wayback Machine. Og her var vi så heldige at de også hadde tatt et snapshot av undersiden der de aktuelle snuttene lå. Det var bare å klikke på lenka i henvisningssaken på forsiden.

HER KOMMER de da – til Nissefar sin store glede, må vi må vi håpe. Ikke minst fordi det var triste ting han måtte ta innover seg og ordne opp i der hjemme.

Og for ordens skyld: Snuttene ligger her i omvendt kronologisk rekkefølge.

St.

Tusen takk for meg!

LM Arkivbilete. Copyright ©

Måndag 29.12.14. 23.56. Hallo der, LM-lesarar, for siste gong denne jula. “Utpå dagen” blei – endå ein gong på denne vitjinga – ein svært seint skriven snutt levert til Vaktsjef1. Saka er den at eg kanskje ikkje får grønt lys for å ta til med ferda heimat før utpå den nye dagen.

Det kan bli allereie i natt, seier dei på Hurum som overvakar luftrommet. Og i natt, ja allereie om ein liten halvtime i skrivande stund, er det ein ny dag med ny dato.

Eg, gamle nissen, har enno ikkje vent meg til desse datoane. At det så å seie blir ein ny dag – sjølv i svarte natta som no – så snart ein er på midnattsstreken. Det var heilt uhørt på dei første juleturane, i mine unge dagar.

Men sånn er det blitt, og ein lyt følgje med i tida om ein skal få respekt som nisse på 2000-talet. Eg skal i alle fall gjere mitt for at redaksjonen får lagt ut saka før vi har ny dato.

Så får det heller bli ein stutt snutt sjøl om eg har mykje eg skulle ha sagt om sjølve opphaldet og det eg har sett, lest og høyrt om alt som skjer i denne bygda!

Eg har på sett og vis brukt litt for mykje tid og plass i år til innføringa om nissearten. Men eg skriv også litt i Nissebladet der heime, og har etter kvart lært at ein tidleg må velje eit hovedspor for “snuttar på rad”. Så lyt ein halde seg til den, og så berre ta nokre avstikkarar for å friske litt opp – eller “runde han av”.

Kanskje blir eg faglærar i snutte-journalistikk på mine eldgamle dagar når kroppen ikkje lenger orkar all turbulensen over langfjella, he-he.

No då: Tusen hjarteleg takk for eit umåteleg gildt besøk på Nisseløkka endå ei jul. Ha det godt alle saman, og ta dykk i vare i det nye året, så sjåast vi igjen på julaften 2015!

Nissefar

Litt om kven vi er

LM arkivbilete. Copyright ©

Søndag 28.12.14. 23:17.  Ho-ho, og god, seinjulesøndag i hus og heim! Eg varsla i går (jada, det blei seint – datoen blei såvidt rett!) at snutten min i dag på 4. juledag kom til å bli om nissen og bursdag. Til forskjell frå fødselsdag, sidan nissen ikkje er født på ein særskilt dag, så langt nokon veit.

Neste temaet gav seg liksom av seg sjølv etter streikestøntet mitt som skræmde redaktøren så grueleg, ho-ho.

I dag kan eg føye til og streke under, at den norske nissen – kall han gjerne fjøsnissen – eigentleg ikkje har vore her i all tid, som eg skreiv.

Dét har jo sjøl ikkje menneska. Men litt tabloid blir ein jo fort av å skrive i media, ho-ho…

Nissen, fjøsnissen eller smånissen høyrer til blant primatane; vi er nok av huldrefolket vetene og dei meir utbredte gnomene, og historia vår strekker seg om lag 2000 år bakover i tida.

Vi lever spredt omkring på landsbygda og kan bli svært, svært gamle. Utan å røpe min eigen alder – det høver seg ikkje for ein sprek Sunnmørsnisse – så er 400 år ingen uvanleg alder for ein artsfrende.

Eit enkelt reknestykke syner at det ikkje er mange av oss som er gått bort. Der har du også forklaringa på at det til no berre er eitt nisseskjelett som er avdekka i jorda.

Ja, på Vestlandet ein stad, i en gravhaug etter ein bonde, låg det som kan ha vore min snippsnappsnupp-oldefar, ho-ho.

Dei siste åra har ein av dei mange einingane på Universitetet i Bergen stilt ut det vesle nisseskjelettet kvar jul. Det synest eg er ein høveleg måte å gjere ære på noko av det norskaste vi har, utan å lage ei stor og tabloid sak ut av det!

Utpå dagen i morgon reiser eg med reinsdyra attende til Sunmørsalpane så sant eg får véret og Kontrollsentralen på Hurum på mi side. Ein liten LM-snutt til, og så er eg mest truleg avgarde mot nord i den vanlege nisseleden over langfjella.

Takk for denne fine julesøndagen, no skal eg berre pakke dei viktigaste tinga før eg kryp i halmen for å få meg ei reisestyrkande natt!

Nissefar

Nissen har bursdag!

LM arkivbilete. Copyright ©

Lørdag 27.12.14. 23:56. Hei igjen. kjære lesarar. For å gjere ei lang historie kort, så har eg og redaktøren i dag skværa opp, skriftleg óg. På eit dokument vi har satt namna våre på, der står det retten og sletten at nissen i prinsippet og generelt, i eintal og fleirtal, har bursdag. Bursdag!

Merk dykk at ordet fødselsdag ikkje står ein einaste stad. Ein fotnote nederst i erklæringa forklarar det med at nissen alltid har vore her og av den grunn ikkje kan ha ein fødselsdag.

Kvar og ein nisse har likevel rett til å velje seg ein bursdag.

Til slutt i dokumentet klargjer vi, at vi med omgrepet “nissen” meiner den gamle norske nissen. Han som feirar jul saman med oss og som vi kjenner under namn som fjøsnissen, grøtnissen og tomtegubben.

I morgon 4. juledag skal dagboka mi mellom anna handle om at det er funne eit eldgamalt spor av den norske nisseskapningen.

Så eg rundar av for i dag på same viset som redaktøren så ofte gjer: Følg med!

Nissefar

 Har nisser bursdag?



LM arkivbilete. Copyright ©


Fredag 26.12.14. 21:59 LM-nissen er seint ute med dagboka si i dag óg. No er det ikkje redaksjonens dataproblemer å skylde på. Så kva er det? Høyr, høyr, og hald dykk fast i stolen, godtfolk:

LM-nissen kunne, så tidleg som ved morgongrauten, forkynne med høg og alvorleg stemme der i uthuset, at han ikkje berre ville levere seint i dag; han verken ville eller kunne levere eit einaste ord! Ikkje før i morgon, 3. juledag.

Sidan i fjor har han nemleg, saman med ei rad kollegaer, organisert seg i Sunnmøre-eininga av Nissenes Rettigheitsforum.

– Men, men…, stotra eg fram – ein nisse er ein nisse, og jul er jul! Så kva er det fagforeininga har prenta inn i nisseskoltene dykkar?

– Jau – det har seg sånn at LM-nissen har bursdag. I dag. På bursdagen arbeider ingen nisse om han er organisert. Fly no berre bort til redaktøren din og sei det akkurat som det er. Han er jo organisert sjølv, veit eg.

At fagforeininga hans, NTL, enno ikkje har vore så framsynt at dei har verna om bursdagane til arbeidsfolket, det ser eg ikkje bort ifrå. Men redaktøren veit så inderleg vel at en arbeidsavtale er ein arbeidsavtale, og avtaler er endelege.

Så eg fór rett bort til redaktøren med LM-nissens overraskande kunngjering. Men redaktøren berre:

– Det der er omtrent det største sprøyt øyra mine har fanga opp, og det er ikkje lite gjennom eit langt redaktørliv! Nissen har ikkje bursdag. Ingen nisse har bursdag! Ingen! Aldri!

Om nissefar på truverdig vis kan bevise noko anna, ja så er det ein sensasjon som vil gå verda rundt, og den historia skal vi ha einerett på. Punktum! Research, research!

Denne saka vil halde fram i morgon, og då med nissefar sjølv som penneførar, reknar eg med.

Vaktsjef1

 

Hei, her er eg då!

LM arkivbilete. Copyright ©

25.12.14. 22:05. Hei alle saman, her er eg omsider med den gamle kaffikverna på Nisseløkka – nære på to døgn etter at eg landa med reinsdyra og ei rad sekkar med julegåver til dei små.

Eg fekk fort høyre om dataproblema som brått hadde ramma Lokalmagasinet berre kort tid i førevegen, og at det av den grunn kom til å bli litt avkorta sørvis før natta. Og naturleg nok, forseinka rapportering frå ankomsten.

Men med tanke på kor gildt eg har hatt det på mitt eige nisserom i uthuset på dei 11 julevitjingane før, og med mykje spalteplass gjennom juledagane, så har eg ingen verdens ting å klage over denne gong.

Som ekte norsk nisse har eg òg for vane å klare meg med det meste av praktiske ting. Og soveplassen med god og tørr halm i uthuset var gjort i stand alt før ferda mi frå Sunnnmørsalpane tok til.

Eg gjekk heller litt tidleg til sengs, og var særs godt utkvilt då eg vakna ved åttetida til ein stor bolle ekte julegraut med stor smørklatt og godt med sukker og røme.

Sånn har eg det her på Nisseløkka i Son, ho-ho!

Resten av julaften gjekk med på det vanlege travle viset – med utdeling av pakkar til snille og takknemlege småfolk. Det er ei stor fryd for oss nissefolket å få føre vidare denne lange tradisjonen, det er eg spesielt blitt beden om å seie.

Då høyrer eg at referatet mitt må ut på nettet snarast råd er, så eg seier takk for oppmerksomheita og ser fram til å få litt spalteplass igjen i morgon 2. juledag.

Julehelsing frå Nissefar

Visits: 53