Første norske kvinnepolitiske LP

(Publisert 02.01.24) Kjerringrokk var ei feministisk musikkgruppe som var aktiv midt i 1970-åra. Dei var først i Noreg til å gi ut ei kvinnepolitisk LP-plate på eit kommersielt plateselskap.

Gruppa vart skipa i 1974 av seks lærarstudentar i Bergen: Torunn Bakken, Maud Birkrem, Ingrid-Karin Gilje, Bente Gudbrandsen, Camilla Nortvedt og Sophie «Phie» Slaatta. Alle i gruppa song og spela fleire ulike instrument.

Motivasjonen for å starte gruppa var å kombinere eiga musikalsk utvikling med formidling av kvinnesak, og gruppa heldt den første konserten sin på kvinnedagen 8. mars same året.

I byrjinga av 1970-åra voks det fram mange ulike, feministiske grupper. Kjerringrokk var ein del av denne framveksten, men var ikkje knytt til ei spesifikk kvinnepolitisk retning.

Dei framførte ei blanding av sjølvskrivne songar, folkemusikk, omsette viser og tonesette dikt av mellom anna Edvard Hoem og Arnljot Eggen. Tekstane tok opp saker som porno, abort, vald og andre kvinnepolitiske saker.

Platekontrakt etter TV-program i kvinneåret

10. mars i kvinneåret 1975 var Kjerringrokk, saman med den feministiske visegruppa Amtmandens Døtre og visesongaren Kristin Berglund, med i TV-programmet Syng ut, jenter på NRK. Etterpå fekk gruppa tilbod om platekontrakt med Polydor.

Dei fekk med seg Terje Rypdal som produsent. På seinhausten 1975 kom så plata ut på LP og kassett, ei utgiving som speglar den musikalske breidda til gruppa.

I tida etter plateutgivinga flytta fleire av medlemene, sidan dei var ferdige med utdanninga si. Det vart vanskeleg å halde fram med å spele saman, og Kjerringrokk vart i praksis oppløyst. Dei kom likevel saman for å spele nokre konsertar i 1976, i tillegg til at dei var med på ein stor visekonsert i Oslo konserthus i 1980.

Tekst: Svein-H. Strand, tidlegare nytta som del av ei lokalt vinkla lengre historie om bandet. Her litt omredigert.

Visits: 28