2007: Fattigdomspengar til Vestby

(Frå LM 26.06.07) (Republisert 13.05.22) ILLUSTRASJONSFOTO: stock.exchng
Barne- og likestillingsdepartementet har fordelt 3 647 300 kroner til innsats mot fattigdom blant barn og unge i 21 kommunar. Blant desse er Vestby, som for andre året på rad får midlar, og denne gong med 200 000 kroner. Det er halvparten så mykje som kommunen søkte om. I fjor fekk kommunen 300 000 kroner.

Tiltaka er knytte til styrka innsats mot fattigdom gjennom barnevernet i utvalde kommunar.

I alt 29 kommunar inngår i den styrka innsatsen innan barnevernet mot fattigdom blant barn, unge og familiane deira. Fem kommunar har ikkje søkt om tildeling i år, mens to har fått avslag. I tillegg er søknaden frå ein kommune under fortsett handsaming.

Det er sett av 9,6 millionar kroner på årets budsjett til denne innsatsen. Dette kjem i tillegg til 31,5 millionar kroner til fattigdomsinnsats gjennom storbytiltaka.

– Både tilknyting til arbeidslivet og opplegg som kan gi dei unge auka kompetanse er viktige tiltak for å motverke fattigdom blant unge. Dette er tiltak som rettar seg direkte mot målgruppa, seier barne- og likestillingsminister Karita Bekkemellem (Ap), som bur i Vestby.

Kommunane har i hovudsak søkt om midlar til ferie- og fritidsaktivitetar, sommarjobb for unge, leksehjelp, kompetanseheving for unge og utstyrslager. Totalt her det søkt om tildeling av vel åtte millionar kroner.

Av dei resterande midlane er noko avsett til seinare søknader. Resten nyttes til finansiering av andre tiltak i barnevernets arbeid mot fattigdom, mellom anna:

· Oppfølging av utsette unge mellom 17 og 23 år i åtte kommunar

· Oppfølging og rettleiing av NOVA og Fafo for alle dei 29 kommunane i satsinga

· Forskingsprosjekt for ny kunnskap om barn og unge i særs fattige familiar

· Konferanse og nettverkssamlingar i regi av Bufdir og SH-dir.

 

Visits: 17