Det skjedde i våre dagar

Bilettkunstnar Trygve Skogrand vil at vi skal sjå det heilage i det kvardagslege. Her er Maria og Jesusbarnet på Rema 1000. FOTO: Trygve Skogrand / Juritzen forlag

(Tidlegare publisert sist 25.12.11) (Republisert 25.12.22) (Av Kari Hamre, Nynorsk Pressekontor) Bilettradisjonen vår er rik på motiv frå julemysteriet. No har kunstnar Trygve Skogrand flytta klassiske måleri som skildrar jule-bodskapen inn i vår eiga tid. Slik blir den mest kjende av bibeltekstane presentert på ein heilt ny, og kanskje oppsiktsvekkjande måte.

I boka «Juleevangeliet – det skjedde i våre dager» blir Jesus fødd inn i vår tid. Vi møter til dømes Maria og Jesusbarnet på Rema 1000, på busshaldeplassen, i eit stort butikksenter, på ein tom kafé og i ei stille julegate. Der er englar på flyplassen, på togperrongen og i rulletrapper, dei tre vise menn rir gjennom Oslos gater og stallen kan like gjerne vere på ein grafittimåla T-banestasjon.

Gjennom nesten 2000 år har folk gitt liv til juleevangeliet gjennom kunsten. Trygve Skogrand gjer det på sin måte med utgangspunkt i dei gamle meistrane som Rembrandt, Angelico, Rubens og Bouguereau, og plasserer kjende verk inn i foto frå vår eiga tid.

DET HEILAGE I KVARDAGEN


– Du er ikkje redd for kvardagsleggjering?

– Målet mitt med dette prosjektet er ikkje å kvardagsleggjere det heilage, men tvert i mot vise det heilage i kvardagen. Eg er kristen sjølv, og for meg er juleevangeliet ei viktig historie. For meg betyr det at Gud kjem ned til oss menneska gjennom Jesus. Dette handlar ikkje berre om jula, men at det heilage og det kvardagslege møtast, seier biletkunstnar Trygve Skogrand. Han har spesialisert seg på digitale kunstuttrykk og har gitt ut fleire bøker tidlegare.(Artikkelen held fram under biletet.)

Då Jesus var fødd i Betlehem i Judea, i kong Herodes’ dagar, kom det nokre vismennfrå Austerland til Jerusalem og spurde: Kvar er den Jødekongen som no er fødd? FOTO: Trygve Skogrand/Juritzen forlag

GLANSBILETE

Det heile byrja for mange år sidan då Skogrand var liten gut.

    – Eg var på juletrefest i kyrkja og fekk eit bibelglansbilete-kort med Jesus på. Som liten syntest eg det var veldig vakkert og tok derfor vare på det. Men som vaksen ser eg på det som kitchy og super-suppete. Slike glansbilete er kanskje trusstyrkjande for nokre, men ikkje for meg. Derfor fekk eg ein idé om å berge Jesus ut av ein trist setting. Min visjon vart å plassere figuren inn i nye bilete. I 2003 vart dette til ei utstilling. Sidan er eg blitt oppfordra til å bruke same teknikken og lage ei bok med utgangspunkt i juleevangeliet, fortel Trygve Skogrand.

JULA I KUNSTEN


Det finst svært mange kunstverk som omhandlar det som «skjedde i dei dagar». Mykje av julebodskapen i kunsthistoria er dominert av Maria i ulike versjonar. Men det finst også mange bilete med Maria og barnet og hendinga frå stallen i Betlehem.

– Det har vore mykje å ta av. Eg har derfor leita i to år etter dei motiva som gav meg det rette uttrykket. Slik sett er det eit medvite val av kunstverk. Eg søkte til dømes veldig lenge etter bilete av Josef og barnet, men fann til slutt eit i Praha. Heller ikkje visemennene finst det mange kunstverk av, seier Skogrand.

Teksten i boka hans er reine bibeltekstar slik vi kjenner dei frå Matteus- og Lukasevangeliet.

    – Juleevangeliet er noko mange har eit forhold til. Gjennom tekst og bilete kan folk no kanskje sjå historia med nye augo, seier biletkunstnaren. (©NPK)



  

Visits: 45