Tekstilar gjennom historia

(Publisert 12.10.23 – endra 13.10.23) Før som no kledde folk ute kulde og regn. Dei kledde seg for svettande arbeidsdagar etter kven dei ville vere. Klede kan gje sjølvtillit eller vise kven ein vil høyre saman med.

 

DEN NYE BOKA Trådar frå fortida handlar ikkje berre om korleis klede og sengeklede såg ut – om dei tøystykka ein skjulte kroppen med, var glatte, matte, lodne og blanke, grove, grøne, blå eller grå.

Boka handlar også om det krevjande tekstilarbeidet med nøye utrekningar, stor skaparglede og verkande armar og ikkje minst kva som låg bak vala av tekstilar.

I denne historia spelar kvinnene og arbeidet deira hovudrolla ettersom tekstilar først og fremst har vore eit feminint arbeidsfelt.

Den geografiske avgrensinga til Namdalen nord i Trøndelag gjer også at kystkulturen og fiskeria står sentralt i fleire av kapitla.

Forfattaren, Åsa Elstad, seier:

Eg vil skrive tekstilane inn i historia. Dei fortel ei historie som ikkje først fremst handlar om krigar, klassekamp eller konjunktur-svingningar, men også om det. Tekstilar kan utgjere skiljet mellom liv og daude, mellom å høyre til eller stå utanfor. Ved å undersøkje desse trådane vil eg prøve å komme inn på huda til menneske som levde før, undersøkje kva dei hadde på seg og rundt seg og prøve å lese noko om samtida deira ut frå det.

Med utgangspunkt i arkeologiske funn, dokument, foto og gjenstandar tar Åsa Elstad for seg tekstilbruk i Nord-Noreg gjennom tusen år.

Sjølv om desse eksempla er frå den nordlegaste landsdelen, er spørsmåla som blir tatt opp, allmenne.

Tekstilane er jo knytt til mange sider ved norsk historie, som arbeidsdeling, kjønnsskilje, økonomiske og sosiale forhold og system, ressursar, etnisitet og ideologiar.

Kvart kapittel i boka har ei oppskrift, ei praktisk øving for den som vil gå i spora til tekstilhandverkarar som har levd før oss.

Boka kjem i salg i desse dagar.

(Redigert frå pressemelding)

Visits: 50