Tabloid nynorsk? Ja takk

Portrett av Ivar Aasen, 1871. (Foto: C. C. Wischmann / Ivar Aasen-tunet)

(Innhald bak lenke i samband med saka Nynorsking på heiltid, republisert i LM 31.08.23)

Av Eva Marie Mathisen, skrivar i Norsk Målungdom

Å skriva eit språk er ein vane. Slik er det òg med nynorsk og bokmål. Hadde det vore meir nynorsk i VG og Dagbladet, hadde truleg fleire lagt av seg vanen med å skriva bokmål. Difor seier eg ja takk til ei tabloidisert, nynorsk avisframtid!

Kvar og kva som vert skrive på eit språk signaliserer kva språket er dugande til. Når ingen aviser i Akersgata skriv på nynorsk, gjer det at folk tenkjer sitt om kva dei kan, og ikkje kan, skriva om på nynorsk. Det er ingenting i nynorsken i seg sjølv som gjer han mindre brukande til å skriva om krigen mot Irak, Orderud-drapa eller kjønskvotering på – det skjer berre ikkje!

Forklåringa på dette er at nynorsk ikkje høver i VG og Dagbladet, i fylgje intervju i Klassekampen 28. april med Olav Versto. Mitt spørsmål vert då: Kva er det med nynorsken som ikkje høver? Er det slik at alle hokjønsorda i nynorsken? Eller er det orda “eg” og “ikkje” som ikkje høver i tabloidpressa? Eller er det rett og slett slik at det er nynorsken som provoserer i aviser som vert gjeve ut i hovudstaden? Eg trur det siste.

Nynorsk provoserer. Nynorsk har alltid provosert. Rett og slett av di nynorsken representerer noko anna enn bokmålet; trua på at dei dialektane folk i heile Noreg talar, er minst like gode som slik dei talar i hovudstaden. Trua på at dei tankane folk i heile Noreg tenkjer, er minst like gode som dei tenkjer i hovudstaden. Trua på at dei lokale kulturane og tradisjonane ein finn i heile Noreg, er minst like gode som dei ein finn i hovudstaden. Det er ikkje rart at slike påstander provoserer i Oslo!

Views: 20