Dobbelt historisk Nobelpris-tildeling

Portrettfoto av Jon Fosse. (Foto: Samlagets fotograf)

(Publisert 11.12.23) (Kommentar: Svein-H. Strand)

Gårsdagens lange TV-overføring av Nobelpris-tildelinga i litteratur til Jon Fosse var også ei gledeleg historisk hending for nynorsksaka.

Dagen derpå kan det passe med eit oversyn over statusen til målforma i dag.

Statistikken syner at bruken av målforma i skulekretsar og enkeltskular har gått sakte nedover i fleire år. Også litt i tradisjonelle nynorskdistrikt, diverre.

At denne utviklinga skal snu brått er nok for mykje å venta – sjøl med flotte Fosse på laget.

Men nynorsk blir faktisk brukt av omtrent ti prosent av dei som skriv norsk i Noreg. Og ei økt interesse som følgje av tildelinga, både på kort- og på lengre sikt, bør det vere grunn til å håpe på.

Ved denne historiske hendinga må vi sjølvsagt ein tur innom “nynorskens far”, Ivar Aasen. Her er essensen i ein artikkel om han på nettsida Nynorsk.no:

Då Ivar Aasen (1813–1896) vaks opp i Ørsta og Volda på Sunnmøre tidleg på 1800-talet, hadde ikkje Noreg eit eige skriftspråk. Dansk dominerte, og slik hadde det vore i fleire hundre år. Frå han var 29 år i 1842, arbeidde Ivar Aasen på heiltid for at også nordmenn skulle få sitt eige skriftspråk.

Dei fleste skriftspråk i verda tek anten utgangspunkt i éin dialekt i eitt område, eller prøver å finne fellestrekk mellom fleire dialektar. Ivar Aasen meinte det siste var mest demokratisk. Han tok utgangspunkt i at folk flest skulle kunne skrive nærmast mogleg førstespråket sitt, slik at ein slapp å gå omvegen om dansk.

Norsk kultur har vore styrt frå fleire stader i Noreg, ikkje frå eitt kultursentrum. Både kunsten, ideane og pengane har kome frå fleire delar av landet. Aasen arbeidde vidare i denne tradisjonen. Han studerte talespråket til folk i Noreg, og kom fram til det skriftspråket vi i dag kallar nynorsk.

Arbeidet til Ivar Aasen var vitskapleg. Språkprofessor Tove Bull kallar Aasen den største norske språkforskaren og grunnleggjaren av den moderne dialektvitskapen i Noreg. Aasen granska dei norske bygdedialektane frå heile landet nøye og leitte etter orden, system, samanheng og ulikskapar. Men det var ikkje berre talemåla Aasen såg på; han samla inn eventyr og segner, merkte seg klesdrakter og veremåtar og dokumenterte norske ordtak og norsk namneskikk.

Målet om eit norsk skriftspråk førte Ivar Aasen ut på reiser gjennom landet frå Lindesnes i sør til Tromsø i nord.

Til saman reiste han like langt som ein biltur frå Ørsta til Cape Town og tilbake. Det gjorde han til ein av dei personane som kjende Noreg best på 1800-talet.

(Lenke til heile artikkelen ligg no i menyen her på LM.)

LES OGSÅ: Nynorsking på heiltid https://lokalmagasinet.no/?p=9162

 

 

 

Visits: 59