Vefsnmål: Mellom aust- og vestnorsk

(Publisert 11.04.24) (Tekst- og kildesamling redigert av Svein-H. Strand. Del 2) Vefsnmålet er dialekta som vert tala i det meste av kommunane Vefsn, Grane, Hattfjelldal, Leirfjord, Vevelstad, Alstahaug, Herøy og den sørlege delen av øykommunen Dønna utanfor Sandnessjøen.
Gamalt postkort av grenda Haukland i Vefsn.
Vefsnfjorden med Mosjøen og Vefsna-dalføret i bakgrunnen.
Talemålet i Mosjøen har endra seg mykje etter at industribygginga på 50-talet kom i gang[1]

Vefsnmål eller midthelgelandsk famner dei tradisjonelle nordnorske målføra i dei midtre stròka av Helgeland, det vil seia området frå Herøy på kysten til Hattfjelldal mot Svenskegrensa i aust, og såleis området kring Vefsnfjorden og langs Vefsnavassdraget.[2]

Frå då Mosjøen kom i gang med bygginga av Mosjøen Aluminiumsverk har det vore stor tilflytting i området, noko som har sett sterke spor på målføret.[1]

Målmerke

Vilhjelm Riksheim skriv i avhandlinga si Ljodvokstren i Vefsnmålet at «Vefsnmålet tek på ein måte ein millomplass millom aust- og vestnorsk». Som nordnorske målføre elles, har Vefsnmålet:[3]

  • Høgtone. Setninga byrjar på ein høg tone som dett mot slutten. Dette er eit målmerke nordnorsk har til sams med vestnorsk.
  • Halvhogging (apokope). Orda manglar dei trykklette endestavingane i ymsande mon. Dette har nordnorsk til sams med trøndersk.
  • Bunden form fleirtal av inkjekjønnsord har same ending som hankjønnsorda: husan, fjellan, nøstan.
  • J-klang (palatalisering) av alveolarane n, l, t og d t.d. i mann og kall.

Vefsnmålet har mange målmerke som gjer at det skil seg ut frå andre helgelandsmål. Dei er m.a.:

  • Lenisering. Dette liknar bløytinga ein kjenner til frå sudvestlandet der mat og kake læt som mad og kage. Midthelgelandsmåla har frå gamalt ei liknande ovring, der stemde og ustemde konsonantar kan verta halvstemde: fad̥, mad̥, kag̊æ, ed̥æ, någ̊o.[4]
  • Ingen spor etter jamvekt. Her har både brønnøymålet i sør og ranværingsmålet i nord jamvektsformer som hara (Rana) og maga (Brønnøy). Slike ord har alltid -e i Vefsnmålet.
  • Fri apokope. Der grannemåla har kategoribunden apokope, har Vefsnmålet apokope regulert av setningsrytmiske reglar. T.d. å etæ når verbet er trykksterkt, men å et» når det ikkje har tyngd i setninga.[1]
  • Skilje mellom tonelag 1 og 2, noko som ikkje finst i brønnøymålet.
  • Linn hokjønnsbøying. Hokjønnsord som på nynorsk endar på -e (t.d. jente, veke) får i midthelgelandsmål endinga -o i bunden eintal, t.d. klokko, jento. I fleirtal får dei endingane -år og -ån, t.d. jentår, jentån.
  • Dativ etter preposisjonar. Som brønnøymålet har Vefsnmålet eigne dativformer av substantiv.

Uttale

Vefsnmålet har palatalisering i ord som mann og kall, og tjukk-l både av historisk l og norrøn rð, slik at orda stol og bord rimar. I eldre tid fanst det ein spesiell l-lyd frå konsonantsambandet tl[5]. Lyden var sjeldan og fanst berre i nokre få ord, t.d. tahlåt «skrøpeleg, småleg», bihlæ «lita tann» og fahlæ «fatle». Eit anna særdrag er at gamal kort e går over til a framføre tjukk-l, t.d. halg, alg, fal og val for helg, elg, ferd og verd.

Lenisering

Lenisering er eit særdrag som skil Vefsnmålet klårt frå dei andre helgelandsmåla. Lukkelydane p, t, k og b, d, g kan verta halvstemde etter vokalar, noko som liknar bløytinga i sørvestlandske målføre[4]. Tabellen under syner kva stavingar som får samanfall. Ovringa fører til at vokalar vert lengre[5], slik at to ulike ord som rodd og rot læt likeins. For folk som ikkje har dette læt begge som rot.[3] I tabellen under er K1 bruka om klanglause lukkelydar (/p t k/), K2 bruka om klangføre lukkelydar (/b d g/), og K3 bruka om leniserte lukkelydar ([b̥ d̥ g̊]).

Døme på lenisering[3]
Nynorsk døme Vefsnmål døme
VK2ː rodd [ɾudː] VːK3 rod̥ [ɾuˑd̥]
VːK1 rot [ɾuːtʰ]

Bymåla i Mosjøen og Sandnessjøen har lenge mangla lenisering. I dag er det berre dei eldste generasjonane, helst dei som vaks opp på bygda, som enno har lenisering i målet sitt.[1]

Ymsing i målet

Endå om midthelgelandsmåla stort sett kan seiast å høyra til eitt målføre, finst det skilnader frå stad til stad. På 1990-talet gjorde to elevar på Mosjøen Vidaregåande Skole ei undersøking der dei samanlikna talemålet på Herøy ute ved kysten, og det i Hattfjelldal på innlandet.

Dei kom fram til at det var få strukturelle skilnader, men at den største skilnaden ligg i alder. At det er større skilnad på gamle og yngre dialektbrukarar enn mellom folk frå dei ulike kommunane.[1]

Dei største skilnadene mellom kyst og innland ligg i uttalen. Utover Leirfjorden og i dei ytre områda har dei affrikativ uttale av kj-lyden, nesten som ch i engelsk church[1].

Ein annan skilnad ligg i uttalen av den opne ò-vokalen i ord som skot, lov og grofte (bregne). På innlandet er denne ein ø-lyd: skøt, løv og grøfte, på kysten er det ein å-lyd: skåt, låv, gråfte.

På innlandet er det lang e-vokal i notid av mange sterke verb: fer, grev og dreg. På kysten har desse lang æ-vokal: fær, græv og dræg. Kystmåla har fleire kortformer av verb enn innlandet, men dativ har halde seg betre der. Elles er språksystemet stort sett det same i heile midt-Helgeland.[1]

Verbbøying

Verb i midthelgelandsmåla har tradisjonelt fri apokope. I motsetning til grannemåla som har regelbunden apokope, har Vefsnmålet kortformene av verb jamsides fullformene. Når verbet står i trykklett stilling vil det oftast stå i kortforma si, men når det står trykksterkt kjem fullforma fram.[1] Som dei sørlege nord-helgelandsmåla[1], blir tonlett -a uttala som ein slags . Denne lyden vert ofte skildra som å vera ein stad mellom a og æ.[5]

 
Trykklett stilling Trykksterk stilling
e ska les» ei bok e ska lesæ
no må du et» kako di no må du etæ
ho e go å dans» vals ho e go å dansæ

Elles fylgjer verba stort sett nynorsk mønster:

Døme på verbbøying[3]
Infinitiv Presens Preteritum Presens perfektum
Sterke verb å far(æ) fer fór ha føre/fare
å finnj(æ) finnj fannj ha funnje
A-verb å kallj(æ) kalljæ kalljæ ha kalljæ
å fløtt(æ) fløttæ fløttæ ha fløttæ
E-verb å døm(æ) døm(e) dømt(e) ha dømt
å hør(æ) hør(e) høul(e) ha høurt

Substantivbøying

Vefsnmålet har to ulike hokjønnsbøyingar; ei for hokjønnsord som i ubunden eintal endar på , og ei for hokjønnsord utan slik ending.

Døme på substantivbøying[3]
Eintal Fleirtal
Ubunden Bunden Dativ Ubunden Bunden
Sterke hankjønnsord skog 1skojen 1skojæ 2skogæ 2skogan
søu 1søuen 1søuæ 2søue 2søuen
Svake hankjønnsord 2bakke 2bakken 2bakko 2bakkæ 2bakkan
Sterke hokjønnsord bygd 1bygdæ 1bygd’n 2bygde 2bygd’n
år 1åræ 1år’n 2åræ 2åran
dør 1døræ 1dør’n 2dørnæ 2dørnan
Svake hokjønnsord 2vekæ 2veko 2veken 2vekår 2vekån
Sterke inkjekjønnsord lam 1lamme 2lammæ lamm/låmm 1lamman/låmman
1vatn 1vatne 2vatnæ 1vatn 1vatnan
2æple 2æple 2æplæ 2æple 2æplan
Svake inkjekjønnsord 2øuæ 2øuæ 2øuæ 2øuår 2øuån
2jartæ 2jartæ 2jartæ 2jartæ 2jartan

Dativ

Tradisjonelt Vefsnmål har restar frå det gamalnorske kasussystemet. Etter preposisjonane i og vert dativ berre nytta ved påstadnemning, t.d. fer i skojen (fer inn i skogen) og fer i skojæ (fer inne i skogen). Dativ fleirtal finst berre i faste uttrykk, gjerne ved stadnamn: i strøumo, i hålmo.Restar frå ubunden dativ finst i uttrykk som a nyo (av nytt), å nyo (på nytt) og a heilo (av eit heilt stykke), i tillegg til andre meir ålmenne norske uttrykk som i live.[3]

Døme på dativ (frå Far etter Fedrane):[6]

  • Han gjekk mæ knivæ i ha’nd. «Han gjekk med kniven i handa»
  • Dar oppi bakko fekk n sjå ein hørd-mann så sto og haugd ve. «Der oppi bakken fekk han sjå ein hulder-mann som stod og hogg ved»
  • Han låg mæ rauhuvæ på å nattæ, slik skikkjen va før i ti’n. «Han låg med raudhuve på om natta, slik skikken var før i tida.»
  • Mæ-kvart va dæ så høgt at dæ song i fjellæ. «Stundom var det så høgt at det song i fjellet.»

Særmerkte ord

Somme substantiv har anna kjønn enn bokmål:

ein nebb, ein fjøs, ei lae, ei famn, eit kai, eit botn (kanskje i analogi med vatn).

Ordtilfang

Målføregranskarar som Sigurd Kolsrud har skildra ordtilfanget i Vefsnmålet som «fornt og merkelegt». Det som truleg er meint med det er at fram til nyare tid har mange «gamalord» halde seg i målføret.

Døme på det kan vera ånnår for ski (norrøn: ǫndurr) eller måg for svigerson (norrøn: mágr)[1]. For gut og jente seier ein tradisjonelt glunt og tøus og kallj og kjæreng/kånæ for mann og kone.

Pronomen

Personlege Pronomen[3]
Subjekt Objekt Eigedom
1p. eintal e me minnj, mi, mett, mennæ
2p. eintal du de dinnj, di, dett, dennæ
3p. eintal Hankjønn hannj hannj, «(e)n hanjs/hass
Hokjønn ho ho, «o hinnjes
Inkjekjønn
Refleksiv se sinnj, si, sett, sennæ
1p. fleirtal vi åss vår, vårt, vår (våres)
2p. fleirtal Vanleg dåk(k)er, dågger, dår dåkkers
Vyrdeleg I Ør Ørs
3p. fleirtal di, dei dæres

Formene hanjs, hinnjes og dæres heiter ofte hannjes, hennjes og dæmmers i bymåla. Tidleg på 1900-talet var det endå folk som bruka I/Ør, eit pronomen som skulle brukast i høfleg tiltale, oftast mot dei eldre, t.d. Slo I ør, bæssfar? «Slo du deg, bestefar?»[3]. I nyare tid har forma våres teke over for vår/vårt. I det tradisjonelle målføret vart dei bruka som trykksterk form, men i nyare tid har di teke over i alle stoder. I bymåla har òg dæm vorte vanleg, både som subjekts- og objektsform.[3]

Peikande pronomen

Her og der heiter hér og dar. Tradisjonelt var det skilnad på nære og fjerne peikande pronomen, slik at denne vart sagt om noko som var nærme, og dannæ om noko lengre unna. Om ordet har særleg trykk eller når det står åleine utan substantiv får det endinga –.[3]

Peikande pronomen[3]
Han- og hokjønn Inkjekjønn Fleirtal
Nær Adjektivsk denne dette desse
Substantivsk dennenæ dettenæ dessenæ
Fjern Adjektivsk dannæ dattæ dassæ
Substantivsk dannænæ dattænæ dassænæ

Ofte er det variasjon i vokallengda i desse orda. T.d. kan ein høyra både danæ og dannæ[5]. I nyare tid har uttrykk som denj hær, dæ dær og di hær teke over for dei gamle formene.[3]

Spørjeord

Dei vanlegaste spørjeorda er ke (eldre kve), kem og kor og kvar. Tradisjonelt vart kor berre bruka i tydinga korleis: «kor dæ går?». Ordet hadde mange uttalevariantar, som kår, kør og attpåtil kur, men i dag er kor er den vanlegaste[5]. Denne bruken er den same som bruken av hur på svensk (t.d. «hur går det?»). Seinare har andre former kome inne i dialekten, som korleis, korsn, kersn og keles. I eldre mål fanst formene kvarst for kvar (bm: hvor hen), men det vanlegaste i dag er kor og kvar.[3]

Målprøver

Forteljingar

Ivar Aasen var på Helgeland hausten 1846 og studerte dialektene. «Paa Kulstad havde jeg det meget behageligt, og fandt god Anledning til at samle Kundskab om Sproget».[7] Han skreiv ned denne prøva på vefsnmål:

«Her va eingong ein Mann her inne i Vefsna i gamal Ti. Han heite Heming. Dei fortæle, at han hae ein Aannaar, eit Skie, so va saa laga, at naar’n to dæ paa Foten, saa gjekk dæ a se sjøl over Fjell, Hav aa Dalæ mæ ei aabello Drægt, berre saa Kove sto ette. Aa dæ stana ikkje, før’n sjøl ville. Eingong kom ’n vestaan-ette ifraa Brynn-Øyæ paa Skie sit. Den Tiæ ’n la’ aasta’, ha ’n Hun’n sin mæ se. Han kom paa Skie sit neføre brattast Øy-Fjelle aa va framme tre Dage før Hun’n. Daa ’n do, va dar ingjen, so tor’ bruk’ Skie, før dar va ingjen, so kunn’ styr’ dæ. Saa to dei aa la Skjie paa Kjerkje-Lofte, aa Vio vart sett i Kjerkje-Døræ. Dar segj’ dei Skie ligg, aa Vio, so e gjol a Jarn, kann ein sjaa i Kjerkje-Døræ enno.»[8]

Boka Far etter Fedrane: Folkeminne innsamla i Vefsn er ei samling av forteljingar og segner på Vefsnmål. Forfattaren Reidar Svare bruka ein etymologisk stavemåte, slik at samanhengen med nynorsk kunne koma tydelegare fram. Difor er det ikkje alltid at stavemåten samsvarar med uttale. Eit utdrag frå boka er:

«Dæ va ein glunt her i bygden så fekk slek mon i i taus. Men ho vill kje vet a «n. Ho ha ein annæ fyre. Før detenæ vill han hem se på tausæ. Ein gòng han va mæ Lofotæ, kom han i-lag-mæ ein runar-finn. Og så fekk «n fi’n te å sæt gan i feskjo. Dæ va å kveld’n mæ di sat å åt, at dæ kom i gan-flogæ og flaug i feskjo. Ho flaug inn i ålbogjen, og fór att og fram inn-punn skinnæ. Dæ gjord så óblettele ondt, at feskjo børde kje. Men så fekk di tak på flogo. Di skynnæ se mæ knivæ og skar ho ut, og fekk ho på varmen. Han, trollbalgjen, så fekk fi’n te å gjer detenæ vart ein mann dæ føld óløkkæ mæ sidan.»[6]

Ordtak

Desse ordtaka er henta frå Ordsamling frå Vefsn.[9]

  • I lågt tre e dæ lett å kom både opp og ned.
  • D’e i ótid høno ska ut å skitæ.
  • Dar kjem bakardag ette knakardag. (Det vert magrare)
  • Dauden e vess, men dagjen e óvess.
  • D’e dått og sjøllo og lango i møllo. (Det hender sjeldan)

Referansar

  1. Halvard Lundestad (2004). Ordsamling frå Vefsn (2 utg.).

Views: 96