Nynorskens historie i Vefsn

Eit portrett av språkforskaren, språkgrunnleggjaren og diktaren Ivar Aasen (1813-1896). Biletet er teke i 1871 då Aasen var 58 år gammal. At han endeleg let seg avfotografere, hadde ein særleg grunn. Systra hans, Ingeborg Melset, bad han om å få eit bilete. I dagboka 11. august 1871 skriv Aasen: “Hos en Fotograf”. To dagar seinare les vi: “Hos Fotografen 1 dl. Slet Humør”. (Kjelde: Djupedal, Reidar (1988): “Ivar Aasen og den nye svartekunsten”. Syn og Segn 1-2/1988)

(Publisert 10.04.24) (Tekst- og kildesamling redigert av Svein-H. Strand. Del 1) “Nynorskens far”, Ivar Aasen, reiste nordover frå Vestlandet og kom seg heilt til Tromsø. Det har et vært skrevet at han ikkje kom lenger enn til Midt-Helgeland fordi pengene ikkje strakk til. Men på nettet står det no faktisk at han kom seg heilt nord til Tromsø.

Okke som er, han laga interessante opptegnelser om mellom anna talemåter på Helgeland. Og om ord brukt i Vefsn som han meinte hadde røtter i både gamalnorsk og dialekter på Vestlandet.

Vefsnmålet er dialekta som vert tala i det meste av kommunane Vefsn, Grane, Hattfjelldal, Leirfjord, Vevelstad, Alstahaug, Herøy og den sørlege delen av Dønna.

Her er ei oversikt over relativt ny litteratur om emnet:

Per Sjåvik (1951) frå Mosjøen, lektor ved Mosjøen videregående skole, har skrive om dialektar og stadnamn på Helgeland. Mellom anna:

  • «Dialektane på Sør-Helgeland», I Årbok for Helgeland 1998-99, side 44-59 (nynorsk)
  • «Utviklingstendenser i Vefsnmålet» Hovedoppgave i nordisk, Universitetet i Trondheim 1984 (bokmål)
  • «Nynorsk i Vefsn. Innføring i nynorsk med Vefsn-dialekten som grunnlag», 1982
    • Per Sjåvik (1998). «Dialektane på Helgeland». Årbok for Helgeland.
    • Etter Hallfrid Christiansen Norske dialekter, i Kjell Øksendal: Målføret i vefsnbygdene
    • Kjell Øksendal: Målføret i vefsnbygdene, i Vefsn bygdebok b. III (Mosjøen 1977)
    • Øyvind Jenssen: Helgelandsmålet i Leirfjord.
    • Vilhjelm Riksheim (1921): Ljodvoksteren i Vefsn-målet. Kra.
    • Reidar Svare (1950). Far etter fedrane: Folkeminne innsamla i Vefsn. Vefsn Historielag.
    • Ivar Aasen Dagbøker 1846-50
    • Om Heming Ivar Aasen: Prøver af Landsmaalet i Norge
    • Halvard Lundestad (2004). Ordsamling frå Vefsn (2 utg.).

Visits: 47