Når studentar les same roman

(Publisert 08.02.25) (Frå innlegg i Khrono.no) Det er nesten heilt stille på Ad Fontes, møteplassen til studentane på Det humanistiske fakultetet (HF) ved Universitetet i Bergen. Det er ikkje fordi lokala er tomme, men fordi det er mobilfri lesekafé i lokala. — Telefonen tek fort merksemd, seier studenten Einar som studerer spansk.

Lesekafeen er ein del av Det humanistiske fakultetet sitt prosjekt «Humanistar les». I fjor haust fekk alle nye studentar ved fakultetet ei gratis utgåve av Pedro Carmona-Alvarez sin roman «Chiquitita».

— Me håpar studentane vil bruka litteraturen som ein inngangsport til humaniora sitt fantastiske univers, seier dekan Camilla Brautaset, professor i historie.

— Tekst, tolking og diskusjon er dei viktigaste inngangsportane til kunnskap i våre fag. Me håpar at ei slik felles leseoppleving òg kan fungera som eit sosialt lim for nye studentar, seier ho.

I fjor skreiv Khrono om Universitetet i Oslo sitt prosjekt «Hele HF leser», som starta i 2022. Universitetet i Bergen har mellom anna sett dit når det no har gått i gang med sitt prosjekt.

Målet er å skapa ei motvekt til forstyrring, gjennom å skapa eit fellesskap rundt lesing.

— Med dette prosjektet håpar me at studentane venner seg til lenger tekstar og òg til å lesa papirbøker.

I Bergen rapporterer dekan Brautaset allereie om gode tilbakemeldingar. Ho skryt av studentutvalet, som har vore med på å utvikla prosjektet, og av det gode samarbeidet med studentbaren.

Å legga til rette for at studentar les same roman er noko som er testa mellom anna ved universitet i USA. Universitetet Bergen har delt ut ein gratis roman til nye HF-studentar.

Ved eit kafebord sit Laura Saetveit Miles og lurer på om ho no skal lesa tekstar av Jon Fosse — etter å ha lese mykje Jo Nesbø-krim.

Miles er professor i engelsk litteratur og amerikanar. Ho synest det er synd at ho ikkje har fått opplæring i nynorsk, og har sin første nynorske roman på leselista si.

— Lesekapasiteten er mindre. Nokre kjem til oss og har aldri lese ein heil roman. Det er ikkje fokus på å lesa heile romanar i grunnskulen eller vidaregåande skule, seier Miles, som er tilsett ved Institutt for framandspråk.

No har Miles fått pengar frå UiB knytt til strategien ved universitettet: Kva betyr lesing for individ og samfunn, både i et historisk perspektiv og i dag? Og kva konsekvensar har det, at me les sjeldnare, kortare og «dårlegare»?

— Korleis vert ein påverka av det å lesa i seg sjølv? Jo, ved å lesa ein heil roman får ein mellom anna gjennomføringsevne, seier Miles.

I prosjektet skal litteraturforskarar, religionsvitskapsforskarar, pedagogar og psykologar jobba saman.

— Lesing er nok meir fragmentert enn før. Men det er lett å seia at smarttelefonar berre er «dårleg, dårleg, dårleg». Slik er det ikkje. Ein kan til dømes lesa, eller skriva, ein roman på telefonen, seier Miles!

Tilbake til Jon Fosse. Då det vart kjent at han fekk Nobelprisen i litteratur, vart det trykt opp pocketversjonar av litteraturen hans. Slik kunne «alle» ha ein Fosse i bokhylla — og det var slik Fosse hamna hos Miles.

I Bergen hadde tilhengjarar av fotballklubben Brann fått laga eit stort banner med «Gullet kjem til å kome», med Fosse sitt andlet på.

Dette er interessant, synest professor Miles, og peikar på den samfunnsmessige makta litteratur kan ha.

— Dersom lesing kan styrka samfunnet, så går me glipp av det dersom me ikkje les.

Ho peikar òg på kva for påverknad lesing kan ha for den psykiske helsa.

— Ta til dømes fenomenet påskekrim. Når ein les krim i påska, slappar ein av.

— Spelar det noka rolle kva ein les, så lenge ein les?

— Det er eit godt spørsmål. Det betyr noko å lesa noko. Men å lesa teikneseriar er noko anna enn å lesa ein roman på 600 sider. Så kva misser ein om ein berre les den eine eller den andre typen bok, .

Ho seier at gjennom litteratur har menneske følt fellesskap over tusenvis av år. Og også i dag er det grupper som les dei same bøkene. Til dømes er det mange barn som vert hekta på enkelte bokseriar. Og då Khrono intervjua Janne Stigen Drangsholt, forfattar og professor ved Universitetet i Stavanger, fortalde ho at mellom anna ein forfattar som Sylvia Plath trendar på BookTok.

— Eg skulle ha eit føredrag om Donna Tartt si bok «The secret history» på Sølvberget i Stavanger. Der stilte det elevar frå vidaregåande skule med romanen og med notatblokk. Eg trur det er håp, sa Drangsholt, som òg sa at ho merkar det same som Janne Stigen Miles: Studentane har lese mindre enn før:

— Eg har fått tilbakemeldingar om at eg ikkje har sagt kva sider av ein roman eg forventar at dei les. Heile, svarar eg då, sa professoren.

Views: 5