(Publisert 04.05.25) (Redigert fra pressemelding) Dei neste tre vekene vil eit britisk Wildcat-helikopter trene saman med norske marinefartøy i fjordane på Vestlandet. Dette for å sikre god integrering før dei skal operere side om side under deployering med Storbritannia sitt flaggskip, hangarskipet «HMS Prince of Wales».
Hangarskipsstyrka skal ut på eit åtte månadars langt oppdrag, saman med norske fartøy og andre allierte fartøy.
Fregatten «KNM Roald Amundsen» er det einaste norske fartøyet som skal vere med på heile oppdraget, og norske «KNM Maud» skal støtte gruppa på delar av deployeringa.
Under oppdraget skal den norske fregatten som nemnt ha eit britisk Wildcat-helikopter ombord.
Ein viktig del blir difor å sikre god integrering av helikopteret med den norske fregatten.
Tamber Shield har blitt gjennomført to gongar tidlegare, med fokus på å utvikle taktikk for kystnære operasjonar i tronge fjordar utanfor Bergen.
I år vil dei i tillegg trene på å handtere torpedo- og missilangrep – og på alle område sikre ei tett integrering mellom Royal Navy og Sjøforsvaret.
Frå Royal Navy vil fire P2000 patruljefartøy og fire Wildcat-helikopter delta.
– Tamber Shield er ein utmerka arena for å vidareføre den tette integrasjonen mellom Royal Navy og Sjøforsvaret, seier sjef Marinen, flaggkommandør Kyrre Haugen.
– Øvinga gir oss også moglegheita til å gjere dei siste førebuingane før den kommande deployeringa med hangarskipsstyrken, legger han til.
Views: 0