I kriseåret 2004: Vedtok 19 mill. kr i kutt – men hadde 16 mill. kr uteståande

(Frå LM juli 2004. Republisert 22.01.22) Skatteinnkrevinga i Vestby kommune går for seint. Kommunen, som i fjor gjekk med 15 millionar kroner i underskot, følgjer ikkje regelverket med omsyn til varsel, utleggsforretning og andre tiltak.

Den økonomisk kriseramma kommunen, som nyleg kutta 19 millioner i utgifter, har no 16 millionar kr uteståande hos privatpersonar og føretak.

Det viser tal frå Distriktsrevisjonen i Follo. Det blir og for få kontrollar hos arbeidsgjevarane – berre fire i fjor. Resultatet er at kommunen får krevd inn nesten 10 prosent mindre enn gjennomsnittet i Akershus.

Distriktsrevisjonen har rekna ut at kommunen i fjor hadde 48,4 mill. kr i skattar og avgifter som ikkje var drevne inn. Av det skal kommunen ha 16 millioner kr. Kommunen sjølv meiner det dreier seg om “berre” 38,3 millioner kr.

Dette oppsiktsvekkjande avviket på ca ti millionar kr er det ingen som kan forklare. Distriktsrevisjonen seier dei er sikre på tala sine.

LM FEKK KRAV PÅ 250 KR FOR SAKSDOKUMENTER – LOKALAVISENE I MOSS OG SKI FEKK DEI SENDT GRATIS

Noko innkreving går det greit med. Lokalmagasinet.no har til dømes fått krav på 250 kroner for kommunale saksdokumenter som vi fekk leverte i posten i fjor. Det var ikkje avtalt i førevegen at det skulle betalast for. Ein klage førte ikkje fram.

Rådmann Knut Haugestad har bestemt at nettstaden ikkje er stor nok til at vi kan få dokumenta gratis. Dei Orkla-dominerte avisane Østlandets Blad og Moss Avis, derimot, dei er så store og har så mykje pengar at dei får dokumenta gratis. Det er vel ikkje meir enn rett og rimeleg – i bakvendtlandet som vi bur i.

ooopserver

Visits: 239