Nynorsking på heiltid

(LM Arkiv, frå 2002) (Republisert 13.01.24) – Nynorsken har rett til å leve! Om vi skal gje nynorsken gode vilkår, ja det er nesten eit spørsmål om ytrings-fridom, seier journalist Audhild Gregoriusdotter Rotevatn (28) frå Volda. Ho nynorskprofilerte seg sterkt allereie då ho nekta å levere grunnfagsoppgåva si i statsvitskap på bokmål.

Av Svein-Harald Strand. Portrettfoto: NRK/Ole Kaland

Rotevatn ikkje berre jobb-brukar nynorsk, som er nær dialekten hennar, og ferdig med det. Ho blæs skikkeleg i luren – for eit språk som fleire no ser så lite mening i at dei vil ha det ut som obligatorisk skulefag, mellom anna. Ja, eit språk som til tider blir så urbant mobba at sjølv eit og anna bokmålsmenneskje fér opp frå stolen for å seie stopp.

– Ja ein kan bli heilt oppgitt, sukkar ho. For misnøye og skepsis dukkar opp på dei mest uventa stader – også i eigne rekkjer.

Men samstundes er det faktisk svært store, lyse teikn å sjå på nynorskhimmelen. Til dømes eit nynorsk magister-gradstudium ved Høgskulen i Volda. Og eit nynorsk kompetansesenter i Førde, hjå NRK Sogn og Fjordane.

Sist, men ikkje minst, ein verkeleg milepåle: Windows Office er komen på nynorsk – som det 35. språket dataprogrammet er omsett til.

♦ Eigentleg er det litt rart, synes ho, at jamvel intellektuelle stiller spørsmål om nynorskens plass i vår tid. Som opplæringsspråk i skulen og som bruksspråk i samfunnet – ja, i det heile som eit moderne, levande og framtidsretta språk, som Rotevatn er overtydd om at nynorsk er.

AFTENPOSTEN VERST
– Det som plagar meg mest er haldningane til hovudstads-avisene. Dei bør vere meir bevisste det ansvaret og den makta dei har. Det ville vere stilig og tøft om Aftenposten ville sleppe til nynorske reportasjar i spaltane sine. Den avisa er jo verstingen!

♦ På Universitetet i Oslo kravde dei at ho skulle skrive grunnfagsoppgåva si i statsvitenskap på bokmål. Men Audhild sa vestlandsfanden heller, skreiv den på nynorsk likevel, og fekk sin eksamen.

– Sånne kampar bør ein tore å ta, kommenterer ho.

No er det ho som tvingar bokmålskollegaer i NRK til å skrive nynorsk. Det vil seie: Hennar strategi er meir avansert enn som så. Der skal det gå på omsetjing begge vegar; frå bokmål til nynorsk, og frå nynorsk til bokmål.

– Med omsetjing begge vegar blir journalistspråket mykje meir aktivt og levande, forsikrar ho – sjølv om det til og med finst kollegaer som meiner noko anna.

AUDHILDS HUGLAUG
Før ho fekk snudd seg i NRK, dit ho kom til radioen hausten 1999, var ho nestleiar i Mediemållaget. Og meir er vel på gang. Om ho då rekk å ta i det når ho er ferdig med å handsame det daglege raset av tilbakemeldingar frå sjåarar.

Nokre av dei, målfolk på Voss, har starta eit huglaug i hennes namn, med vedtekter og greier. Dette var noko som førte til at Norsk språkråd offisielt registrerte ”huglaug” (for fanklubb) som eit av fleire nyord på nynorsk i 2001.

Litt seinare på hausten refsa ho sjefen sin, i et intervju der ho kommenterte kor ille det var at kringkastings-sjefen, i eit anna intervju, hadde forveksla Arnulf Øverland riksmålsmannen! med Ivar Aasen.

VERN MOT ENGELSKEN
– Eg synes nynorsk er eit så viktig språk at det ville vere synd om det skulle forfalla. Men det må vere eit språk som fornyar seg og lever i notida med tidas behov, seier ho og tenkjer ikkje minst på å få sett opp eit kringvern for så vel bokmålet som for nynorsken. Dette mot den sterke innverknaden frå engelsk.

På dét området kan vi vere endå meir modige enn det vi er, meiner ho og held fram islendingane med sitt særs utsette språk som eit godt førebilde i så måte.

– Sjå kor flinke islendingane er til å finne på nye ord til nye ting, ord som er tufta på deira eige språk og tradisjonar når det gjeld kva tydingar ord har hatt, kva dei har stått for, seier ho.

► Her er nokre eksempel: Telegraf blei rìtsimi (”skrivetråd”), teater leikhus, elektrisitet rafmagn (”ravkraft”). Om lag etter den malen er det ho kunne tenkje seg at vi gjorde det her heime.

– Det må ikkje bli komisk og teit, men naturleg, sjølv-forklarande, understrekar ho.

KNATTSPYRNALEIKUR BLEI FOR DRYGT
Ja, og ingen regel utan unnatak, sjølv på Island. For å halde oss innafor Rotevatn sitt arbeidsfelt no: Knattspyrnaleikur blei for drygt, sjølv for islendingane. Dei endra det til fòtboldi, flott nok.

– Eg meiner at det vi gjer hos oss no med fornorsking av engelske ord ikkje alltid er godt nok. Til dømes: Ordet sørvis er jo framleis eit engelsk ord, sjølv om vi har fornorska skrivemåten!

– Korleis kjem bokmålsfolk nynorsken best i møte?

– Som med all kunnskap, så må nynorskkunnskapane frå skulen haldas vedlke! Og språkmuskelen må stimulerast. Journalistutdanninga er ein god stad å begynne, fortset ho.

USEMJE I EIGEN LEIR
– Nyheitssjangeren verkar til å fungera best på bokmål for folk flest. Meininga bak orda vert tilslørt av nynorsk-journalistar, hevdar leiaren din i Mediemållaget, Terje S. Skjerdal. Kva er det som gjer at jamvel ein nynorskkollega kan seie noko slikt?

– Eg veit ikkje kvifor Skjerdal meiner det han meiner, men eg er usamd. Nynorsken er meir aktiv og direkte enn bokmålet, og eignar seg minst like godt til å formidle nyheiter.

– Og endå ein kollega, Sigvart Østrem i NRK, hevdar i eit innlegg i Kringkastingsringens nettmagasin Kringom at vi treng eit friskare og meir moderne nynorsk journalistspråk. Kva seier du til han og andre som måtte meine det same?

– Både ja og nei. Språket kan alltid verte betre. Men nei, eg synest ikkje språket er antikvarisk!

– Kompetansesenteret for nynorsk hjå NRK Sogn og Fjordane i Førde må då vere ei storhending for nynorsk-saka?

– Ja, men eg er truleg den einaste som meiner at Førde ikkje er den rette staden!

– Det burde kanskje vere heime i Volda, det òg?

– Det ideelle hadde vore å dela kompetansesenteret mellom Oslo og Førde. Vi treng å hjelpe interesserte bokmåls-journalistar. Nauda er stor! Vi må ha ein suppestasjon der folk er sultne, og eg veit det er mange nynorsksvoltne kollegaer i Oslo!

Det spørs om ho ikkje har rett. Men vi kan jo håpe på å få ei avdeling i Oslo – før suppa blir kald.

(Denne delen av intervjuet er innkjøpt av Nynorsk Pressekontor (NPK) og har vore publisert i fleire aviser som abonnerer på tenestene deira. Red.)

 

Ein ekkel dobbel Her og Nå

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn er ein journalist som brenn sterkt for både det eine og det andre. I denne delen av intervjuet vi hadde med ho, finn vi nok att mykje av den idealismen som ligg bak engasjementet hennar for nynorsksaka – endå det er ei stor avstand i tema.

Av Svein-Harald Strand
I august i fjor hadde ho eit innlegg i Journalisten der ho svara ein reporter i biletbladet Her og Nå som tok til motmæle mot NRK-kritikk for at dei har stole namnet deira.

 

– NRK Radio og NRK TV blir definitivt oppfatta som merkevarer. Er det ikkje litt søkt at ein i tillegg skal halde fram namn på interne produktar, meir og mindre skiftande programpostar, “spalter” osb. som merkenamn og med same krav på rettsleg vern som merkjevarenamn i alminnelegheit?

– I utgangspunktet ikkje. Ikkje der programma er meint å vere stabile innslag over fleire år.

– Kor mange interne merkenamn-vern ville NRK trenge om dine krav til NRK-leiinga skulle føre fram?

– Det anar eg ikkje, og det er irrelevant.

– Har ikkje reportarer i NRKs Her og Nå eit problem med presentasjonen sin, når folk dei vil intervjue legg på røret fordi dei trur det er frå bladet Her og Nå?

– Nei, dette har eg opplevd sjølv. Reporterane i NRK Her og Nå er svært bevisste på problemet.

– Hadde du vore mindre lei og vonbroten, som du seier, om Her og Nå ikkje var eit “kulørt kjendisblad”?

– I prinsippet nei.

– Voner du også, som den tidlegare sjefen din i programposten Her og Nå, Kari Sørby sa til VG – at bladet Her og Nå snart går konkurs?

– Eg trur Sørby er blitt feiltolka her. Eg ynskjer ingen, verken journalistar eller andre, ut i abeidsløyse. Men eg ynskjer og ynskte at bladet skulle velje eit anna namn. Og då dei ikkje gjorde det, ville eg at NRK skulle kjempe hardare for å hindre dette. Det er ikkje ein kritikk mot bladet Her og Nå, men mot måten NRK forvaltar sine merkjevarer.

– Kvifor var du så overraska over at referat frå interne debattmøtar i NRK blir lekka til pressa, og er det så gale? Det er jo meir og mindre ei konsekvens av at det opne, prispåskjønna internbladet Rundtomkring blei nedlagd og erstatta av ei lukka intranettutgåve som sjølv pensjonistane ikkje har tilgang til?

– For å kunna ha fruktbare diskusjonar, må vi kunne stole på diskusjonspartnarene våre. Når debattar er meint å vere interne, er det brot på spelereglane å lekke ut dette. Det gjer også at ikkje alle meiningar kjem fram i interne diskusjonar; folk legg sensur på seg sjølv. Interne diskusjonar foregår i alle bedrifter. For at avgjerder som vert tekne, skal verte rette, må ein kunne drøfte problemstillingane utan at heile landet tar del i dei på eit tidleg stadium, meiner Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.

RELEVANTE NETTSTADER (Nokre lenkjer er diverre blitt råtne.)

AKTUELLE ARTIKLAR: Interessant innlegg i Nationen – “Tabloid nynorsk? Ja takk!”: www.nationen.no

AUDHILDS FINE MORGEN-SPR�KPETIT I KRINGKASTINGSRINGENS MAGASIN: www.kringkastingsringen

AUDILD GREGORIUSDOTTER ROTEVATN SITT HUGLAUG: www.nt.ntnu.no

NYORDLISTE P� HEIMESIDA HOS HUGLAUGET TIL AUDHILD GREGORIUSDOTTER ROTEVATN: www.nt.ntnu.no

Views: 139