“Skrått nyhetsblikk” 2004: Carl I. Hagen ikke terrorist

Illustrasjon: VA Arkivfoto / stock.exchng

(Frå LM 27.01.04) (Republisert 13.01.24) Carl I. Hagen er ingen terrorist. Men ein geriljakriger er han nok. Ein geriljakriger innanfor det store, litt uoversiktlege rommet som inneheld mange ulike ting og tang. Ting som vi er sikre på kva er. Tang som vi er nesten sikre på.

Og så kjem denne Hagen og utnyttar uvissa – for å brøyte veg for sine eigne mål. Som til dømes kan vere å førebu grunnen for ei lovendring – om til dømes det andre offisielle norske språket, nynorsk.

Er det ikkje rimeleg at ein bokmålsmann – eller riksmålmann, som han vel er, blir gjengiven på sitt eige språk, og berre det, i trykte medier? Altså: Også når han blir intervjua av ein journalist som skriv på nynorsk og har det som hovudmålforma si.

Hagen ynskjer å bli nøyaktig, korrekt ”sitert” i mediene. I dei nye, elektroniske mediene det behøver det jo ikkje vere eit stort problem. Men på normalisert nynorsk i ei papiravis kan ein jo ikkje vite kva som kjem på prent, særleg ikkje i indirekte tale. For nynorsk er jo ikkje eit så presist språk som bokmål. Synes han.

Partieigaren i Framstegspartiet peikar óg på at forvaltningsorganar, som sant er, pliktar å svare på brev i same målform som skrivaren nyttar. Så da bør det same sjølvsagt gjelde i mediene. Ein lyt heller endra journalistikken som fag ein gong for alle. Sånn at i det minste alle Frp-folk blir ordrett gjengjevne i alle samanhenger.

Carl Ivar Hagen er en skikkeleg luring. Det er dét han er. For en DUMMING er han vel ikkje – eller?

ooopserver

Visits: 22