Fire utanfor Soon Manufaktur ein dag på 1950-talet

(Fotograf ukjent.)

Her er då, i stort format, bilete nummer to frå miljøet ved Son torg på slutten av 1950-talet. Det er eit makalaust historisk dokument Reidar Johansen har forsynt oss med denne gongen!

(Frå LM 02.03.10) (Republisert 12.04.22) Men her og no ber vi om hjelp, for vi treng namna på dei fire mannfolka som står og sit på og mellom dei to trappene utanfor Per Chr. Strøms Soon Manufaktur og skreddarverkstad. Det gjekk jo veldig bra med det forrige biletet frå femtitals-torget.

Om fotografiet må det føyast til at jamvel om det ikkje er særskilt mykje detaljar i motivet, så er det noko udefinerbart til stades som flyttar biletet eit stykke mot kunstfotografiet. Var det ikkje meint sånn, så blei det sånn, liksom.

I alle høve er det eit særs ekte snapshot som konserverer ein augneblink av tidsånd og miljø i hjartet av gamle Son for evigheita. Kunne det gått for å vere i ein litt sliten fransk landsby på den tida?

Karane ser ut til å vere jamt fint helgekledde der dei står og sit utanfor – av alle stader – lokala til det som var eit rimeleg breidt lokalt tilbod på konfeksjonssida. Både manufaktur og skreddarteneste. Så var det, mellom anna, ikkje så farleg om buksa eller jakka, eller heile dressen om så gale var, ikkje passa!

Og før vi gløymer det: Huset med tenester som vi i dag må langt bort for å få, er annekset til Spinnerigården som vi såg heile fronten på i det forrige biletet. Eit hus blant fleire i Son sentrum som Gård-Guden har tatt heim til seg.

Heilt til venstre litt av Sjøboden og den østre porten. Den var i metall. Der tok handelshuset Aimar Hansen & Søn i Thornegården inn nyankomne vareparti som var lossa over dampskipskaia ved sidan av, eller som var komen etter landeveien.

Ein sykkel står lent mot ein enkel port i tre, ein inngang til den trange passasjen mellom dei to husa. Er det seint i mars eller tidleg i april? Dette er ikkje blant dei skarpaste av dei gamle fotografia vi har publisert, men det er nok skitne restar av vinteren vi ser heilt nede i venstre biletkant.

Så blei det ein heil liten artikkel som tekst til fotografiet tatt av ein ukjent. Det var det verdt!

St.

Visits: 178