Magasindiktet: Kommunikasjon undervegs

(Republisert 18. mai 2024) (Illustrasjonsfoto: Svein-H. Strand)

KOMMUNIKASJON UNDERVEGS
(Reporter Medium Blues)

Min veg er brulagd
med mål og meining,
jamvel med brustne illusjonar,
ja sjå:

Døgnet er kortare
enn eg trur,
mediet sterkare
enn eg veit
og orda både fattigare og rikare
enn eg håpar

Eg ser vegen er full av plikter,
ja langs vegen står skilt
som gir beskjed
kor eg skal gå,
men ikkje kor eg er

Retninga er fastlagt
utan omvegar,
støy i kanalen
berre forvanskar
bodskapen

Eg formar og sender orda,
bodskapen min kjem
gjennom mediet,
foran orda sit massen
og tar imot

Så sant eg kan
teiknar eg eit sant bilete
med sanne ord
og sender sanne rapportar

MEN KOR ER EG?

Undervegs
fins ingen skilt,
berre vegen,
min veg
brulagd med hastige ord,
mine ord
hastig brulagde med meg

Blir eg alltid undervegs?
Er målet undervegs?
Eller er undervegs målet
eg ikkje vil sjå?

Mediet er sterkare enn eg veit –

Svein-Harald Strand, 1991.
Til 20-årsjubileet for avgangskullet ved Norsk Journalistskole

Views: 24