Kategoriarkiv: Nynorsk

Magasindiktet: Kommunikasjon undervegs

(Republisert 18. mai 2024) (Illustrasjonsfoto: Svein-H. Strand)

KOMMUNIKASJON UNDERVEGS
(Reporter Medium Blues)

Min veg er brulagd
med mål og meining,
jamvel med brustne illusjonar,
ja sjå:

Døgnet er kortare
enn eg trur,
mediet sterkare
enn eg veit
og orda både fattigare og rikare
enn eg håpar

Eg ser vegen er full av plikter,
ja langs vegen står skilt
som gir beskjed
kor eg skal gå,
men ikkje kor eg er

Retninga er fastlagt
utan omvegar,
støy i kanalen
berre forvanskar
bodskapen

Eg formar og sender orda,
bodskapen min kjem
gjennom mediet,
foran orda sit massen
og tar imot

Så sant eg kan
teiknar eg eit sant bilete
med sanne ord
og sender sanne rapportar

MEN KOR ER EG?

Undervegs
fins ingen skilt,
berre vegen,
min veg
brulagd med hastige ord,
mine ord
hastig brulagde med meg

Blir eg alltid undervegs?
Er målet undervegs?
Eller er undervegs målet
eg ikkje vil sjå?

Mediet er sterkare enn eg veit –

Svein-Harald Strand, 1991.
Til 20-årsjubileet for avgangskullet ved Norsk Journalistskole

Views: 25

Nynorskens historie i Vefsn

Eit portrett av språkforskaren, språkgrunnleggjaren og diktaren Ivar Aasen (1813-1896). Biletet er teke i 1871 då Aasen var 58 år gammal. At han endeleg let seg avfotografere, hadde ein særleg grunn. Systra hans, Ingeborg Melset, bad han om å få eit bilete. I dagboka 11. august 1871 skriv Aasen: «Hos en Fotograf». To dagar seinare les vi: «Hos Fotografen 1 dl. Slet Humør». (Kjelde: Djupedal, Reidar (1988): «Ivar Aasen og den nye svartekunsten». Syn og Segn 1-2/1988)

(Publisert 10.04.24) (Tekst- og kildesamling redigert av Svein-H. Strand. Del 1) «Nynorskens far», Ivar Aasen, reiste nordover frå Vestlandet og kom seg heilt til Tromsø. Det har et vært skrevet at han ikkje kom lenger enn til Midt-Helgeland fordi pengene ikkje strakk til. Men på nettet står det no faktisk at han kom seg heilt nord til Tromsø.

Okke som er, han laga interessante opptegnelser om mellom anna talemåter på Helgeland. Og om ord brukt i Vefsn som han meinte hadde røtter i både gamalnorsk og dialekter på Vestlandet.

Vefsnmålet er dialekta som vert tala i det meste av kommunane Vefsn, Grane, Hattfjelldal, Leirfjord, Vevelstad, Alstahaug, Herøy og den sørlege delen av Dønna.

Her er ei oversikt over relativt ny litteratur om emnet:

Per Sjåvik (1951) frå Mosjøen, lektor ved Mosjøen videregående skole, har skrive om dialektar og stadnamn på Helgeland. Mellom anna:

  • «Dialektane på Sør-Helgeland», I Årbok for Helgeland 1998-99, side 44-59 (nynorsk)
  • «Utviklingstendenser i Vefsnmålet» Hovedoppgave i nordisk, Universitetet i Trondheim 1984 (bokmål)
  • «Nynorsk i Vefsn. Innføring i nynorsk med Vefsn-dialekten som grunnlag», 1982
    • Per Sjåvik (1998). «Dialektane på Helgeland». Årbok for Helgeland.
    • Etter Hallfrid Christiansen Norske dialekter, i Kjell Øksendal: Målføret i vefsnbygdene
    • Kjell Øksendal: Målføret i vefsnbygdene, i Vefsn bygdebok b. III (Mosjøen 1977)
    • Øyvind Jenssen: Helgelandsmålet i Leirfjord.
    • Vilhjelm Riksheim (1921): Ljodvoksteren i Vefsn-målet. Kra.
    • Reidar Svare (1950). Far etter fedrane: Folkeminne innsamla i Vefsn. Vefsn Historielag.
    • Ivar Aasen Dagbøker 1846-50
    • Om Heming Ivar Aasen: Prøver af Landsmaalet i Norge
    • Halvard Lundestad (2004). Ordsamling frå Vefsn (2 utg.).

Views: 113

God framgang i nynorsk-omsetjingar – blir du med?

 

 

(Publisert 14.02.22) (Frå WP-bloggen) Sjølve WordPress er no heilt omsett frå bokmål til nynorsk.

Ymse tilknytte prosjekt på wordpress.org går òg framover.

Men det står att mange tekstar. Dersom du har litt fritid, er det berre å hiva seg med på dei ulike prosjekta.

Enklaste måten å koma til på, er å gå til statistikk-sida for WordPress, gå ned til nn_NO, og så velja deg ut det prosjektet du likar.

Som du ser, er nynorsk slett ikkje langt nede på lista. Me ligg godt framfor mange større språk.

Få oss gjerne opp til 100 %!

Views: 303