Fire soningar utanfor Soon Manufaktur

(LM Arkivfoto) Fotograf ukjent.

(Frå LM 02.03.10) (Republisert 17.06.24) Her er eit fotografi frå miljøet ved Son torg på slutten av 1950-talet. Eit makalaust historisk dokument aom Reidar Johansen har forsynt oss med!

Men her og no ber vi om hjelp, for vi treng namna på dei fire mannfolka utanfor Per Chr. Strøm sitt Soon Manufaktur og Skredderverksted.

Det er rett nok ikkje rikt med detaljar i motivet, men her er noko udefinerbart som flyttar biletet eit stykke mot kunstfotografiet. Var det ikkje meint sånn, så blei i alle fall sånn.

ALT I ALT eit særs ekte snapshot som konserverer tidsånd og miljø i hjartet av gamle Son for evigheita. Karane er fint helgekledde der dei står og sit utanfor lokala til det som var eit rimeleg breidt lokalt tilbod.

Ja, her var det både manufaktur og skreddartenester å få. Inga stor krise om buksa eller jakka – eller heile dressen om så gale var – ikkje passa når du trengte den som mest!

Huset med tenester som vi i dag må langt bort for å få, er annekset til Spinnerigården. Eit hus blant fleire i Son sentrum som Gård-Guden har tatt heim til seg.

LITT AV SJØBODEN og den østre porten heilt til venstre. Den var i metall. Der tok handelshuset Aimar Hansen & Søn i Thornegården inn nyankomne vareparti som var lossa over dampskipskaia, eller som var komen etter landevegen.

Ein sykkel står lent mot ein enkel port i tre, inngang til den trange passasjen mellom dei to husa. Er det seint i mars eller tidleg i april? Dette er ikkje blant dei skarpaste av dei gamle fotografia vi har publisert, men det er nok skitne restar av vinteren vi ser heilt nede i venstre biletkant.

Så blei det ein liten artikkel som tekst til fotografiet tatt av ein ukjent. Det var det sanneleg verdt!

St.

Views: 83