God framgang i nynorsk-omsetjingar – blir du med?

 

 

(Publisert 14.02.22) (Frå WP-bloggen) Sjølve WordPress er no heilt omsett frå bokmål til nynorsk.

Ymse tilknytte prosjekt på wordpress.org går òg framover.

Men det står att mange tekstar. Dersom du har litt fritid, er det berre å hiva seg med på dei ulike prosjekta.

Enklaste måten å koma til på, er å gå til statistikk-sida for WordPress, gå ned til nn_NO, og så velja deg ut det prosjektet du likar.

Som du ser, er nynorsk slett ikkje langt nede på lista. Me ligg godt framfor mange større språk.

Få oss gjerne opp til 100 %!

Visits: 280