BEST PÅ NYNORSK: “Ytrings-fridom skal det vere”

ILLUSTRASJONSFOTO. Karen Platou og medlemmer av Stortingets lønnsnemnd,1919-1921. (Foto fra lokalhistoriewiki.no)

(Publisert 27.11.23) (Utdrag frå artikkel om Grunnlova)  I 2012 oppretta presidentskapet på Stortinget eit utval for å utarbeide nye språkversjonar på moderne bokmål og nynorsk utan å endre på innhaldet i Grunnlova. Same år leverte Grunnlovsspråkutvalet ein rapport med forslag til nye grunnlovstekstar, som formelt vart sett fram av ei tverrpolitisk gruppe stortingsrepresentantar.

Då grunnlovsforslaget vart behandla av Stortinget våren 2014, var det brei semje om behovet for å modernisere språket i Grunnlova.

Fleirtalet i kontroll- og konstitusjonskomiteen uttalte at språkrevisjonen var eit demokratiseringsprosjekt som skulle føre Grunnlova tilbake til folket.

Sjølv om det var semje om at grunnlovsspråket måtte moderniserast, var det politisk usemje om kva språknorm bokmålsversjonen skulle følgje.

Grunnlovsspråkutvalet hadde føreslått ein grunnlovstekst på moderne administrativt-juridisk bokmål. Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg folkeparti ville derimot ha ein meir konservativ språkvariant på bokmål.

Sidan grunnlovsendringar krev 2/3 fleirtal, var det ikkje tilstrekkeleg fleirtal for bokmålsversjonen til Grunnlovsspråkutvalet.

Resultatet vart at Stortinget 6. mai 2014 vedtok Grunnlovsspråkutvalets nynorskversjon og ein meir konservativ boksmålsversjon som hadde blitt føreslått separat.

Grunnlovsspråkutvalet hadde utarbeidd bokmåls- og nynorskversjonar med felles struktur og med modernisert terminologi. Bokmålsversjonen Stortinget vedtok, var derimot modernisert i mindre grad.

Konsekvensen er at det no er visse skilnader i struktur og terminologi mellom nynorsk- og bokmålsversjonen. Til dømes sa Grunnlova § 26 fram til 2014 at kongen kunne «indgaa og ophæve Forbund».

Bokmålsversjonen nyttar framleis «forbund», medan nynorskversjonen nyttar «folkerettslege avtaler», som er det vanlege omgrepet i dag.

Eit anna døme er § 100, som inntil 2014 sa at «Ytringdfrihed bør finde sted». I 1800-talets juridiske språk vart «bør» forstått som eit påbod.

Bokmålsversjonen nyttar framleis «bør», som i dagens juridiske språk er misvisande. Her er nynorskversjonen meir juridisk presis når den seier at «Ytringsfridom skal det vere».

Frå Store Norske Leksikon snl.no

Views: 25